Banner Banner Banner Banner

Interesselaget for farga spælsau

Kalender

  Mai 2013
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       

Antal registrerte dyr i rasekode 21 (farga spælsau).

06.04.2012 | Skrevet av Svein Arvid Tørre

Det er berre registrert 2186 søyer i rasekode 21 i sauekontrollen. Gamalnorsk spælsau er registrert med 2318 dyr. Det er viktig at så så mange som mogeleg, som har farga spælsau, registrerar desse med rasekode 21 i Sauekontrollen.

Interesselaget vil oppmoa alle som har farga spælsau til å melde seg inn i Sauekontrollen. Antal farga spælsau i Noreg er sannsynlegvis fleir enn 10.000 dyr. Dess fleir som registrerar søyene sine i rasekode 21, dess større tyngde vil interesselaget ha i diskusjonar som omhandlar den farga spælsauen.

Sauekontrollen er ein  viktig reidskap for å registrere mellom anna helseopplysningar og tap av beitedyr til freda rovvilt. Dersom de registrerar opplysningar om lammingsvanskar, vårvekter og haustvekter, så er dette til stor hjelp når de skal velje ut påsettlam. De vil og kunne sjekke tidlegare registreringar på søyene. Detter er nyttig når de skal velje ut kva for søyer som bør utrangerast. I Sauekontrollen har de heile tida oppdatera opplysningar om eigen besetning. Opplysningane i Sauekontrollen dannar også grunnlag for mange ulike statistikkar.

Link:  http://www.animalia.no/Tjenester/Sauekontrollen/

Móri

Ingvar og Grome

 
Interesselaget for farga spælsau Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)