Sven, Thor og Anne Grete heldt kvar sine innlegg. Det kom fram mykje nyttig informasjon som ringane ikkje var klare over.
Dette gjaldt mellom anna:
- Korleis bruke prøveværane i ringen.
- Dersom ein vær vert seld til ein buskap utanfor det organisera avlsarbeidet, så påverkar ikkje resultatet indeksen til denne væren. Avlsleiinga vil sjå på om det kan væra lurt å knytta enkeltbestningar utanfor det organisera avlsabeidet tettare til ringane, slik at resultatet i desse besetningane óg vil telja med i utrekninga av indeksane.
Det vart stillt spørsmål om NSG Semin kunne krevja å få kjøpa værar til seminstasjonane som var etter værar det ikkje var betalt granskingstilskot for. Dette gjaldt både NKS-værar og farga spæl-værar. Her var ikkje forsamlinga og avlssjefen heilt einige om kva som burde gjelde. Avlssjefen sa at dette måtte me koma tilbake til dersom det vart aktuelt.
Thor Blichfeldt presisera at dersom ringane skulle dra nytte av den avlsmessige framgangen på landsbasis, så var det viktig at ringane var "tro" mot råda avlsleiinga gav for å oppnå best mogeleg avlsmessig framgang.


