Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mai 2013
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       

Vedtak om skadefelling av ulv i Aust-Agder

04.07.2012 | Skrevet av Svein Arvid Tørre

Fylkesmannen i Aust-Agder har vedteke at det kan fellast 1 ulv i eit avgrensa område.

Fellingsløyve for éin ulv i delar av Aust-Agder

Fellingsløyvet gjeld kommunane Åmli, Froland, Bygland og Evje og Hornnes.

I Aust-Agder er det meldt om fleire observasjonar av ulv våren 2012. 2. mai blei det søkt om løyve til å skadefelle éin ulv på Agder. Søknaden blei avslått av Direktoratet for naturforvaltning (DN) 8.5.12. Avslaget blei påklagd og DN sendte saka over til Miljøverndepartementet (MD). Søknaden er ikkje ferdigbehandla i MD. Aust-Agder Bondelag og Aust-Agder Sau og Geit søkte 2.7.12 Fylkesmannen om skadefellingsløyve på éin ulv. Bakgrunnen for søknaden var funn av to døde lam 1. juli 2012 på innmark i Gjøvdal i Åmli kommune. I tillegg blei det søndag kveld avliva to lam på grunn av skadar påført i løpet av natta mellom 30.6 og 1.7.2012. Mandag 2.7 blei det søkt gjennom beiteområdet etter dei to lamma som mangla i buskapen. Eitt av desse ble funne dødt, og Statens naturoppsyn (SNO) har undersøkt kadaveret og vurdert dødsårsaka til sannsynleg å vere ulv. Fylkesmannen ser det slik at potensialet for vidare skade i området er stort. Ut frå dette og prinsippet om geografisk differensiert forvalting finn vi grunnlag for å iverksette fellingsløyve på éin ulv for å hindre vidare tap i området.

(03.07.2012 Oppdatert: 04.07.2012)

Annonsering på heimesida:

Alle medlemmer i Telemark Sau og Geit kan kjøpe annonseplass på heimesida for kr. 500,- + mva pr. år.

 

Spælsauskinn seljast:

Klikk på lenka under

http://www.saueskinn.com

 
Telemark Sau og Geit
Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)
Fax: (+47)